Event: Intro til ombruk av PC og Mac 6. februar

Er du opptatt av miljøet, og nyssgjerrig på korleis me kan forlengje levetida på datamaskinane våre?
Når du kjøper ein PC eller Mac i dag så er du sikra sikkerhetsoppdateringer i fleire år, men på eit punkt vil du få beskjed om at maskinen ikkje er støtta lengre. For å unngå å bli hacket så vil du difor bli tvunget til å kjøpe ein ny maskin sjølv om den du har fortsatt fungerer godt.
Eller så kan du installere Linux. ✨
Linux er eit operativsystem som støtter både eldre og moderne PC og Mac. Ved å installere Linux kan du forlengje levetida på ein maskin med mange år. Å byte til Linux er litt som å byte mellom Windows og MacOS. Litt læring og omstilling må til, men mykje er likt på tvers.
«Men viss Linux er så bra, kvifor bruker ikkje fleire Linux?»
☝️ Eg har lurt ein del på dette, og eg trur nokre viktige barrierer er at me er låst til våre vaner i ein travel kvardag. Og at det er vanskeleg å byte til Linux, uten å ha folk å spøre når ein har spørsmål.
Difor lanserer eg Funker som fjell, som sikter på å utfordre bruk-og-kast tilnærminga til datamaskinar, ved å skape eit felleskap for inspirasjon og kunnskapsdeling. Eg har mange idear om korleis dette kan utvikle seg, men nøyaktig kor dette konseptet tek vegen vil avhenge av den idemyldringa me skaper saman.
Målet mitt for denne eventen er at du skal bli litt klokare på ombruk og fri programvare.
Viss du synes at eit felleskap for å inspirere og dele kunnskap rundt PC-fiksing høyres spanande ut. Då er dette rette staden å vere!
Tid og stad
Tid: Torsdag 6. februar kl 18 - 20:30.
Stad: På kafen Lokalt i Solheimsviken 60. Tusen takk til Bærekraftige Liv Løvstakken for lån av lokale.
Pris: Gratis.
Program
- Velkommen: Eg vil halde eit innlegg der eg gir ein introduksjon til fri programvare, til retten til å reparere, og korleis fikse datamaskiner reint praktisk.
- Pause: I pausen så vil dykk få høve til å teste ut nokre datamaskinar med fri programvare installert. Eg skal prøve å svare så godt eg kan på alle spørsmål.
- Gruppearbeid: Me deler oss inn i mindre grupper, og deler erfaringar rundt vår eigen databruk, og idemyldrer om korleis dette felleskapet kan bidra til meir miljøvennleg databruk.
- Oppsummering: Vi tar ein liten oppsummeringsrunde og høyrer frå gruppene. Dei som ønsker å bli oppdatert på framtidige arrangement kan skrive seg opp på ei epost-liste.
Kven er denne kvelden for: Folk som er opptatt av miljøet, og nyssgjerrig på korleis me kan forlengje levetida på datamaskinane våre. Du treng ikkje vere noko dataekspert.
Litt om meg: Namnet mitt er Nils Norman Haukås. Eg har jobba med profesjonell programvareutvikling sidan 2014, og er opptatt av datamaskinar som kreative verktøy, samt personvern, digital fridom og miljøet.
Påmelding
For å melde din interesse så treng du berre sende ein e-post ved å klikke på denne lenka.
Du kan også melde på nyhetsbrevet vårt ved å legge e-posten din i boksen nedenfor. Då vil du få nyhende frå oss rett i inboksen din.