2 min read

Repareringskafé 27. november

Lær å installere fri programvare på din PC eller Mac saman med andre.
Person som sit i eit tre og help på ein datamaskin med ein Linux mint logo
Det er ikkje påkrevd å sitje i eit tre for å kunne installere Linux.

Hei og velkommen til ein ny kveld i repareringens teikn! På denne repareringskafén vil me hjelpe kvarandre å installere fri programvare på medbrakte datamaskiner. Det er også veldig lov å berre kome for å lære meir om fri programvare.

Tidspunkt: Torsdag 27. november kl 18 - 20.

Stad: På kafen Lokalt i Solheimsviken 60. Tusen takk til Bærekraftige Liv Løvstakken for lån av lokale.

Retten til å reparere

Det første møtet i dette felleskapet blei arrangert forrige februar. Til trass for kort frist så blei det tydeleg av dei oppmøtte at det er behov for eit felleskap med lave skuldrar og låg terskel for å stille spørsmål rundt fri programvare.

I tillegg til å arrangere fysiske møter så har me no også fått opp eit nettforum der folk kan stille spørsmål og hjelpe kvarandre.

💡
Fri programvare inkluderer ein fri programvare-lisens, som sikrer din fridom til å endre, og fritt dele desse programma med andre. Eit av dei mest kjende dømene på fri programvare er Linux, som er eit alternativ til Windows og MacOS.
💡
Ombruk av elektronikk er eit viktig alternativ til tradisjonell gjenvinning, fordi gjenvinning av elektronikk kan vere ganske ressurskrevjande. Ombruk handlar om å bruke produkter og materialer til samme formål, uten særlig bearbeiding.

Det kastast stadig meir elektronikk i verda. I den ferskaste rapporten frå Global E-Waste Monitor 2024, melder forskarane at det blei generert globalt 62 millionar tonn e-avfall i 2022, og av denne massive avfallsmengden så var det berre 22.3 prosent som blei samla inn og resirkulert på dokumenterbart vis.

I oktober månad så gjekk Windows 10 offisielt ut på dato. I tillegg til å bli tvungne til å oppgradere til Windows 11 så fekk mange brukarar også beskjed om at dei måtte kjøpe ny datamaskin. Det betyr at mange fullgode datamaskinar risikerar no å hamne på søppelfyllingen heilt unødig. I siste liten så blei Microsoft tvunget av EU til å forlengje levetida på Windows 10 ut 2026, men det er diverre berre eit midlertidig pusterom.

Fri programvare som Linux beviser gang på gang at det er mogleg å sikre brukarvennlegheit og datatryggleik på datamaskinar som er over ti år gamle. Difor har det aldri vore eit betre øyeblikk å prøve å Linux på din PC eller Mac!

Program for kvelden

  1. Kort foredrag: Kva er greia med fri programvare? v/ Nils N. Haukås
  2. Pause med kaffi og/eller te. I pausen vil det være høve til å prøve datamaskinar som allereie har Linux installert.
  3. Installering: Vi hjelper deg å installere Linux Mint på din medbrakte PC eller Mac. Om du ikkje har ein datamaskin medbrakt så kan du gå i gruppe med nokon andre for å få erfaring med korleis installere Linux.
  4. Oppsummering og takk for denne gong.

Målgruppe

Dette er eit lavterskel tilbud. Det betyr at om du berre er interessert i å bruke PC eller Mac for å sjekke nettbanken, sende epost og/eller surfe på nettet så er denne kvelden absolutt for deg.

Om du har meir avanserte behov som det å redigere video, teikne, spele spel eller liknande på Linux så er du absolutt velkommen til å stille spørsmål om det anten på møtet eller på nettforumet vårt.

Om du allereie er ein erfaren Linux-brukar så er du hjarteleg velkommen til å dele av kunnskapen din til andre som har begynnt å dyppe tåa i fri programvare. For erfarne Linux-brukarar så er det også verdt å tipse om gruppa Bergen Linux (and BSD) User Group.

Påmelding

For å bli med må du fylle ut dette påmeldingsskjemaet.

Det er også mogleg å ta kontakt med oss på e-post.