Vedtekter

§ 1 Foreininga sitt namn

Foreininga sitt namn er: Funker som fjell

§ 2 Formål

Formål: Funker som fjell jobbar for digital inkludering og auka ombruk av datamaskinar ved hjelp av fri programvare.

Bakgrunnen for formålet:

  1. Klima og miljø: Det pågår i dag både ei klimakrise og ei naturkrise. Dette er komplekse samfunnsproblem og løysingane må kome frå fleire hald og eitt av desse er å sjå på korleis me handterar elektronisk avfall. I dag blir mykje elektrisk avfall kasta unødig. Mange opplever at dei må slutte å bruke datamaskinen sin fordi den har slutta å få viktige sikkerhetsoppdateringar.
  2. Personvern: Våre personopplysningar er eit viktig råstoff for mange av dei største IT-selskapa i verda. Difor ser me at operativsystem som Windows, MacOS, iOS og Android i aukande grad haustar data om oss for å bli brukt til trening av kunstig intelligens eller for andre formål. For kvar programvareoppdatering som kjem ut opplever brukarar å bli tvungne til å oppgi meir og meir brukardata, men brukarane kan ikkje berre slutte å oppdatere fordi då gjer ein seg sårbar for datainnbrot.
  3. Fri programvare: Fri programvare er dataprogrammer som er lisensiert slik at kjeldekoden er åpen for innsyn, endring, kopiering og deling med andre.
  4. Digital inkludering: I dagens samfunn så er det mange som kjenner på digital utanforskap. Bibliotek som tilbyr gratis datahjelp opplever ein stadig pågang av folk i alle aldrar som har behov for hjelp til diverse digitale gjeremål.

Formålet skal bli oppnådd gjennom følgjande aktivitetar:

  1. Byggje fellesskap ved å organisere fysiske eventar som til dømes datakafé, som skal vere eit lågterskeltilbod for folk å få lære meir om fri programvare og å hjelpe kvarandre med kvardagsleg databruk.
  2. Byggje fellesskap gjennom ein digital plattform som til dømes nettforum, der folk kan få lære meir om fri programvare og å hjelpe kvarandre med kvardagsleg databruk.
  3. Tilby foredrag om fri programvare.
  4. Formidle lærdom frå vår fri programvare-bruk tilbake ut i samfunnet og tilbake til forfattarar av fri programvare med mål om å gjere fri programvare enda betre.
  5. Styret kan i fellesskap vedta iverksetting av andre aktivitetar som er i tråd med formålet.

Grunnprinsipp for vårt arbeid mot formålet:

  1. Med våre etiske retningslinjer vil vi å sikre at alle medlem skal føle seg inkluderte og trygge i alle våre aktivitetar (sjå §5).
  2. Vi vil ikkje promotere bruk av kunstig intelligens (KI): KI utgjer ein naturkatastrofe grunna den planlagde datasenterutbygginga over heile verda [1]. Denne utbygginga legg beslag på dyrebare mineral, vatn og straum. Datasetta som underbygger mykje av KI sin suksess er bygd på stolen åndsverk [2] og sosial dumping av datasenteranalytikarar i lågkostland [3]. Andre nedsider ved KI inkluderer KI-basert krigføring [4], overvaking, desinformasjon, propaganda, og ein kapitalistisk maktkonsentrasjon som aukar skilnadane mellom fattig og rik.
  3. Vår foreining vil vere med i kampanjen for apartheidfrie soner [5]. Ved å vere ein apartheidfri sone så tar vi del i ein slagkraftig, global, ikkje-valdeleg boikottkampanje for å få ein slutt på Israels folkerettsbrot.
  4. Vi er først og fremst ein foreining for nybegynnarar, glade amatørar og til og med dei som kanskje ikkje er kjempeinteressert i data men som likevel ønsker å ha ein datamaskin med fri programvare av omsyn til miljø og/eller personvern. Vi ønsker å skape eit fellesskap for alle dei som bruker data mest til å sjekke nettbanken, svare på e-post og skrive dokumenter.
  5. Vi føretrekker fri programvare for organiseringa av vår aktivitet. Dersom vår foreining sjølv skal bruke eller anbefale programvare som ikkje er fri programvare må styret vedta ein grunngjeving for dette på eit styremøte.
  6. Vi samarbeider gjerne med andre organisasjonar som jobbar med fri programvare, naturvern og reparasjon.

§ 3 Organisasjonsform

Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemmer og er sjølveigande. At ho er sjølveignande inneber at ingen, verken medlemmer eller andre, har krav på foreininga si formue eller eigedelar, eller er ansvarleg for gjeld eller andre forpliktingar.

§ 4 Medlemmer

Foreininga er open for at alle personar kan bli medlem.

§ 5 Rettar og plikter knytte til medlemskapet

Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er valbare til tillitsverv i foreininga. Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og styret kan stryke dei som medlem av foreininga.

Medlemmene plikter å forhalde seg til vedtak som er gjort av årsmøtet.

Medlemmene plikter å overholde våre etiske retningslinjer:

Trakassering vil ikkje bli tolerert. Med trakassering så meines det mobbing, diskriminering, uønska seksuell merksemd, støytande kommentarar relatert til kjønn, alder, seksuell legning, nevromangfald, kropp, synleg eller usynleg funksjonshemming, rase, religion, nasjonalitet, sosioøkononomisk status eller kunnskapsnivå.

Alle medlemmer og deltakarar på våre eventar eller våre digitale plattformer plikter seg til å overholde desse etiske retningslinjene. Ved brot på retningslinjene så vil det bli tatt grep, der alternativa inkluderer åtvaring og utvising.

Medlemmer eller deltakarar som opplever ubehag av noko slag på våre eventar eller digitale rom bes om å varsle dette til nokon i styret enten direkte eller på post@folksamt.no.

§ 6 Årsmøte

Årsmøtet, som blir halde kvart år, er foreininga si høgaste myndigheit. Årsmøtet er vedtaksført med det antal medlemmer med stemmerett som møter, og alle medlemmer har ei stemme. Møteleiar blir vald av årsmøtet.

Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere gjort med alminneleg fleirtal av dei avgitte stemmene. Stemmelikskap blir avgjord ved loddtrekning.

Årsmøtet blir innkalla av styret med minst ein månad varsel, direkte til medlemmene eller ved kunngjering i pressa. Forslag som skal bli behandla på årsmøtet skal vere send til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må vere tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet.

Årsmøtet kan ikkje behandle forslag som ikkje er ført opp på sakslista.

§ 7 Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal

  • behandle årsmelding
  • behandle revidert årsrekneskap
  • behandle innkomne forslag
  • fastsette kontingent
  • vedta budsjett
  • velje leiar og nestleiar

§ 8 Ekstraordinære årsmøte

Ekstraordinære årsmøte blir halde når styret bestemmer det, eller minst 1/3 av medlemmene krev det. Innkalling skjer på same måte som for ordinære årsmøte, med minst 14 dagar varsel.

Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle og ta avgjerder i dei sakene som er kunngjorde i innkallinga.

§ 9 Styret

Foreininga har eit styre på 2 medlemmer. Styret er høgaste myndigheit mellom årsmøta. Styret skal halde møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemmene forlanger det.

Styret skal

  • sette i verk avgjerdene til årsmøte
  • oppnemne eventuelle komitear, utval eller personar som skal gjere spesielle oppgåver, og utarbeide instruks for desse
  • administrere og føre nødvendig kontroll med foreininga sin økonomi i samsvar til gjeldande instruksar og avgjerder
  • representere foreininga utad

Styret kan gjere vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemmer er til stades. Vedtak blir gjort med fleirtal av dei avgitte stemmene.

§ 10 Signaturrett

Det er «styret i fellesskap» som innehar signaturrett.

§ 11 Vedtektsendring

Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, og det krevst 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmene.

§ 12 Oppløysning

Oppløysing av foreininga kan berre bli behandla på årsmøte, og krev 2/3 fleirtal.

Foreininga si formue skal etter oppløysing og gjeldsavlegging gå til formålet foreininga arbeider for å fremje, ved at nettoformuen blir gitt til ein ideell organisasjon som årsmøte avgjer.

Ingen medlemmer har krav på foreininga sine midlar eller andel av desse.

Kjelder

Nummereringa nedanfor refererer til punkter i teksten over.

[1] Kunstig intelligens er faktisk «vår tids digitale klimaversting»

[2] Give Up GitHub!

[3] Data Workers' Inquiry

[4] stopkiller.ai

[5] Apartheidfrie soner