Stiftingsmøte
I løpet av 2025 gjennomførte vi to møter der vi fekk testa ut om det er behov for eit felleskap med fokus på miljøvern og fri programvare. Undervegs lanserte vi også forumet vårt som er vårt samlingspunkt på verdensveven innimellom møta våre.
Kva skal vi jobbe for? Her er vår foreløpige arbeidsmålsetting:
Denne målsettinga er enkel, men den famnar fleire viktige tema:
- Klima og miljø: Det pågår i dag både ei klimakrise og ei naturkrise. Dette er komplekse samfunnsproblem og løysingane må kome frå fleire hald og eitt av desse er å sjå på korleis me handterar elektronisk avfall. I dag blir mykje elektrisk avfall kasta unødig. Mange opplever at dei må slutte å bruke datamaskinen sin fordi den har slutta å få viktige sikkerhetsoppdateringar.
- Personvern: Våre personopplysningar er eit viktig råstoff for mange av dei største IT-selskapa i verda. Difor ser me at operativsystemer som Windows, MacOS, iOS og Android i aukande grad hauster data om oss for å bli brukt til trening av kunstig intelligens eller for andre formål. For kvar programvareoppdatering som kjem ut opplever brukarar å bli tvungne til å oppgi meir og meir brukardata, men brukarane kan ikkje berre slutte å oppdatere fordi då gjer ein seg sårbar for datainnbrot.
- Fri programvare: Fri programvare er dataprogrammer som er lisensiert slik at kjeldekoden er åpen for innsyn, endring, kopiering og deling med andre.
- Digital inkludering: I dagens samfunn så er det mange som kjenner på digital utanforskap. Bibliotek som tilbyr gratis datahjelp opplever ein stadig pågang av folk i alle aldre som har behov for hjelp til diverse digitale gjeremål.
Meir fridom: Ein datamaskin om gongen
Vi trur det vil vere ein viktig kjerneaktivitet for oss å hjelpe folk over på å bruke meir fri programvare i kvardagen, og noko vi ønsker å utforske vidare er konseptet datakafé:
Datakafé: Kom og bli kjend med korleis fri programvare fungerar. Du kan ta med ein laptop om du ønsker hjelp til å installere fri programvare. Vi held korte foredrag om fri programvare eller relaterte tema. Deretter hjelper vi kvarandre med å installere fri programvare på datamaskiner vi har med oss, og vi svarer på alle spørsmål.
Målgruppe: Alle som bruker data til å surfe på nettet, sende e-post og gjere andre enkle gjeremål på sin datamaskin er potensielt i målgruppa vår.
Saman foredlar vi fri programvare
Fri programvare er eit pågåande dugnadsprosjekt med mange tusen frivillige globalt. Vi ønsker å skape dialog med folka som jobbar med fri programvare og dele våre erfaringar for å skape kontinuerlege forbetringar. Vi kan også utforske om det er høve for at vår forening kan sponse videreutvikling av fri programvare.
Vi kan tilby tenester for våre medlem
I tillegg til å vere ein møteplass der folk kan få gode råd rundt fri programvare så kan vår forening også tilby rimelege tenester til våre medlem, eller videreformidle tenester frå andre organisasjonar som vi går god for. Desse tenestene kan til dømes vere tilbod på ombrukt PC med fri programvare installert, data-reparasjon, personleg oppfølging av dataspørsmål, automatisk backup, e-post eller andre liknande tenester.
Våre grunnprinsipper
- Gjennom våre etiske retningslinjer ønsker vi å sikre at alle medlem skal føle seg inkluderte og trygge i alle våre aktivitetar.
- Vi ønsker ikkje å promotere KI-bruk: KI utgjer ein naturkatastrofe grunna den planlagde datasenterutbygginga over heile verda. Denne utbygginga legg beslag på dyrebare mineralar, vatn og straum. Datasetta som underbygger mykje av KI sin suksess er bygd på stjålet åndsverk og sosial dumping av datasenteranalytikarar i lågkostland. Andre nedsider ved KI inkluderar KI-basert krigføring, overvaking, desinformasjon, propaganda og ein kapitalistisk maktkonsentrasjon som auker skilnadane mellom fattig og rik.
Meld di interesse
Nøyaktig dato for stiftelsesmøtet er ikkje landa enda, men du kan allereie no melde di interesse ved å fylle ut dette påmeldingsskjemaet.
Om du lurer på noko så kan du sende oss ein epost på post@funkersomfjell.no eller skrive til oss i forumet.