Digital dugnad og ombruk av gamle datamaskiner 23. juni
Kom og lær korleis fri programvare kan forlengje levetida på datamaskinene våre!
Når du kjøper ein PC eller Mac i dag så er du sikra sikkerhetsoppdateringer i fleire år, men på eit punkt vil du få beskjed om at maskinen ikkje er støtta lengre. For å unngå å bli hacket så vil du difor bli tvunget til å kjøpe ein ny maskin sjølv om den du har fortsatt fungerer godt.
Eller så kan du installere Linux.
Linux er eit operativsystem som støtter både eldre og moderne PC og Mac. Ved å installere Linux kan du forlengje levetida på ein maskin med mange år. Å byte til Linux er litt som å byte mellom Windows og MacOS. Litt læring og omstilling må til, men mykje er likt på tvers.
«Men viss Linux er så bra, kvifor bruker ikkje fleire Linux?»
Eg har lurt ein del på dette, og eg trur nokre viktige barrierer er at me er låst til våre vaner i ein travel kvardag. Og at det er vanskeleg å byte til Linux, uten å ha folk å spøre når ein har spørsmål.
Målet mitt for denne eventen er at du skal bli litt klokare på ombruk og fri programvare.
Viss du synes at eit felleskap for å inspirere og dele kunnskap rundt PC-fiksing høyres spanande ut. Då er dette rette staden å vere!
Tid og stad
Tid: Tirsdag 23. juni kl 18 - 20.
Stad: På Lystgården på Landås, Kanonhaugen 39
Pris: Gratis.
Program
- Velkommen: Eg vil halde eit innlegg der eg gir ein introduksjon til fri programvare, til retten til å reparere, og korleis fikse datamaskiner reint praktisk.
- Pause med kaffi og/eller te. I pausen vil det være høve til å prøve datamaskinar som allereie har Linux installert. Eg skal prøve å svare så godt eg kan på alle spørsmål.
- Gruppearbeid: Vi deler oss inn i grupper slik at alle kan få prøve å installere Linux på nokre datamaskinar eg har tatt med. Du kan også ta med ein medbrakt PC eller Mac, dersom du vil prøve å installere Linux på den. Viktig: Om du vil installere på ein medbrakt datamaskin så må du ha tatt backup av det du vil ta vare på i forkant av denne kvelden.
- Oppsummering og takk for denne gong. Dei som ønsker å bli oppdatert på framtidige arrangement kan skrive seg opp på ei epost-liste.
Kven er denne kvelden for: Folk som er opptatt av miljøet, og nyssgjerrig på korleis me kan forlengje levetida på datamaskinane våre. Om du berre er interessert i å bruke PC eller Mac for å sjekke nettbanken, sende epost og/eller surfe på nettet så er denne kvelden absolutt for deg. Om du har meir avanserte behov som det å redigere video, teikne, spele spel eller liknande på Linux så er du absolutt velkommen til å stille spørsmål om det anten på møtet eller på nettforumet vårt.
Litt om meg: Namnet mitt er Nils Norman Haukås. Eg har jobba med profesjonell programvareutvikling sidan 2014, og er opptatt av datamaskinar som kreative verktøy, samt personvern, digital fridom og miljøet. Dei siste åra har eg utvikla Funker som fjell (snart forening) som vil jobbe for digital inkludering og aukt ombruk av datamaskinar ved hjelp av fri programvare.
Påmelding
For å melde di interesse så treng du berre sende ein e-post til post@funkersomfjell.no. Still gjerne spørsmål. Sei gjerne i frå om du ønsker å bli varsla om framtidige eventar til hausten.