Besøk vår datakafé
Er du ein av dei som berre ønsker å bruke din datamaskin til å sjekke e-post, nettbank og andre kvardagslege gjeremål? Byrjer du å bli trøytt av forvirrande oppdateringar frå Microsoft eller Apple?
Da vil du passe perfekt til vårt nye datakafé-konsept!
Vi inviterer til datakafé ein kveld i månaden hos Lokalt, kor ein kan ta med seg sin PC eller Mac og vi vil blant anna fortelje om kva fri programvare er og korleis dette tilbyr eit godt alternativ til Windows (Microsoft) og MacOS (Apple). Vi snakkar saman, deler spørsmål og erfaringar rundt kvardagsleg databruk med fokus på fri programvare.
Slik funker det:
Vi starter møtene våre med ein kort introduksjonsrunde der vi fortel litt om kven vi er og kva vi ønsker å jobbe med på datakaféen.
Kanskje har du med deg ein laptop du ønsker å installere fri programvare på? Kanskje er det noko fri programvare du ønsker å lære meir om? Eller kanskje ønsker du berre å hengje med andre som er nysgjerrig på fri programvare?
Vi deler oss inn i grupper etter behov slik at folk kan få jobbe litt fokusert. Om du ikkje har noko konkret å jobbe på så kan du også berre komme og bli kjent med oss og fri programvare.
Alle våre eventer skal være trygge miljø for læring, sosialisering og nerding derfor har vi utarbeidet etiske retningslinjer som vi ber alle våre deltakere å respektere.
Vi ønsker også å kontinuerlig forbedre eventene våre så kom gjerne med innspel rundt kva du tenkjer funker bra og kva som kan bli betre.
Våre møtetider i haust er:
- Tirsdag 1. september kl 17 - 19
- Tirsdag 6. oktober kl 17 - 19
- Tirsdag 3. november kl 17 - 19
- Tirsdag 1. desember kl 17 - 19
Adresse: Solheimsgaten 60.
Vi har også et nettforum der vi hjelper og inspirerer hverandre.
Vel møtt!