3 min read

Datakafé: Erfaringar frå dei tre første møta

Tre personer som diskuterer

Vi har har no arrangert datakafé i heile haust og vil gjerne dele litt av det me har lært.

Tusen takk til Bærekraftige Liv Løvstakken, for at vi har fått innpass på kaféen deira Lokalt sentralt på Danmarksplass. Dette er ein fantastisk måte å nå ut til folk på, då det er ein koseleg samlingsplass for dei som bur der. Lokalt sine frivillige har også gitt oss verdifulle råd om kor me burde reklamere i området.

Ein spannande byrjing

Sidan vi nettopp hadde begynt å samarbeide så var me ikkje overraska over at ingen møtte opp fyrste gong. Likevel tok me ikke det som eit nederlag. Det var tross alt slik me møtte David. Han finner glede i å kjøpe gamle pc-ar og installere Linux på dei. Han vart veldig interessert i det vi driv med og no har han vært med på alle møtene våres. Vi har mykje å lære av han, og vi ser fram til å bli betre kjend med David. Vi vil uansett sei at fyrste datakafe var ein suksess som vi berre kan vokse av.

Ole til venstre og David til høgre

Varmare i trøya

Den andre gongen vi arrangerte datakafeen vokste det, og i tillegg til oss vart me no fem rundt bordet. Diskusjonen gjekk i alt fra korleis sette på igjen keyboardknappar til fri programvare og kvifor det har vært viktig for oss å nå ut til folk om det. David var sjølvsagt tilbake. Frida hadde eit spanande prosjekt der ho hadde tatt frå kvarandre ein laptop og rensa tasturet, utfordringa ho hadde no var korleis få knottane tilbake på plass (!).

💡
Fri programvare inkluderer ein fri programvare-lisens, som sikrer din fridom til å endre, og fritt dele desse programma med andre. Eit av dei mest kjende dømene på fri programvare er Linux, som er eit alternativ til Windows og MacOS.

Den andre nykommlingen Ole, kjem frå Capoera som Nils også går på. Han var særs interessert i fri programvare og kvifor det var så nyttig. Ole spurte masse spørsmål og var veldig nyfiken. Dette syntes me var veldig kjekt fordi det viser at det er ein interesse for det. Vi har framleis ikkje veldig mange på møtene våre, men dei som møter opp er veldig entusiatiske for det driv med. Berre det gir oss energi til å fortsette.

Nils (t.v.) og Ole (t.h.) pratar om Linux-mobilar si gryande framtid.

Siste møte

Me hadde siste møte for ei veke sidan. Denne gongen ville me ha ein liten introduksjonrunde, kor me tok ei runde rund bordet og fortalde kva me skulle jobbe med den kvelden. Dei med lignande prosjekt sett seg saman ellers er det ikkje noko i vegen for at vi alle kan snakke saman. Det gjorde me også denne gongen. Folk hadde likevel konkrete ting dei ynskja å arbeide med.

Stian kom mest for å lytte og lære. Nils skulle teste ein ny Linux distro, Elementary OS og ville finne en betre måte å installere det på gjennom minnepen ved hjelp av Ventoy. David hadde også testa Ventoy var særs nøgd med denne programvaren. Ole var nysgjerrig på å kjøpe seg ein brukt mobil han kunne installere GrapheneOS.

Praten gikk også godt i gruppa. David kunne fortelje oss om ein rekkje prosjekt han hadde gjort i det siste. Han hadde kjøpt fleire pc-ar, installerte Linux på heime pc-ane og ynskte å installere Linux på ein HTC mobil han hadde. Det er mulig me gjer det neste gong på eit av møtene.

Det har vore veldig givande å bli kjend med våre besøkande vi har hatt. Og vi gler oss til å bli kjende med mange fleire fordi vi er overbevist om at fri programvare er nyttig for mange fleire.

No ser me fram til neste happening, Sirkulærdagene 21.-29. november hos Lokalt.

Vel møtt!