1 min read

Foreiningen Funker som Fjell er endeleg registrert

I slutten av september vart Funker som Fjell endeleg ein foreining. Vi har blitt registrert i Brønnøysundregisteret og det føles veldig godt å kunne å seie det høgt.
To personer som tar ein high-five. Tekst over biletet: Hurra vi er ein foreining! Funker som fjell
Styret representert ved Stian Buhagen (t.v.) og Nils Norman Haukås (t.h.)

Me ser fram til å jobba for digital inkludering, ombruk av datamaskinar, folkeopplysning rundt fri programvare, delta på arrangementar som Sirkulærdagane hos Lokalt på Danmarksplass og mykje mykje meir. I tillegg vil me skape eit levande felleskap for alle som er interessert i fri programvare.

Me føler at me kan være ein viktig bidragsytar då fri programvare og Linux har blitt mykje viktigare med tanke på at Microsoft og Apple som berre blir meir og meir forbrukerfiendtlege. Dei har altfor stor fokus på kunstig intelligens og dei forvirrande sikkerheitsoppdateringane deira gjer det ikke betre. Vi tar full avstand frå kunstig intelligens, noko du kan lese meir om i vedtektene våre.

Håper du er like gira på å være med på reisa som vi er.